Gjenbruken jubilerer

Etter fem innhaldsrike driftsår satsar  ein  på vidare handel i Sagvåg.

Jubileet vart feira i dag med auksjon, gode tilbod og ei diger marsipankake.  Leiar i Sagvåg næringsforeining, Grete Brandsdal, spretta kaka og gav det første kakestykket til Einar Olsen, som har jobba i butikken nesten kvar dag sidan starten. Ho gratulerte med innsatsen og sa blant anna at Gjenbruken er ein viktig del av næringslivet i Sagvåg. Føretaket har sett Sagvåg på kartet og trekkjer mange kundar til sentrum. Brandsdal  understreka også at butikken er ein viktig møteplass der ein blir møtt med omsorg og varme og alltid nysteikte vaflar. Dessutan er det viktig å dele og bruke opp att det me har. Ola Malvin Lomheim, som er styreleiar i Gjenbruken, ønskjer å få fram tre viktige faktorar som er avgjerande for  drifta: Dei som leverer varer, dei som er kundar og alle dei frivillige medarbeidarane som arbeider gratis.
Dei mange frå Fitjar, Stord og Bømlo som hjelper til i Sagvåg gjev uttrykk for glede og takksemd over å få vere med å drive  Gjenbruken. Ei av desse, Berit Stautland, fortel om hyggjelege og positive gjevarar, kundar og medarbeidarar. - Og det viktigaste, legg ho til, er at me er med på å yte ein stor sum pengar til bistandsarbeid i Norge og misjonslanda, i regi av Norsk Luthersk Misjonssamband. Butikk-drifta har gitt nesten fire millionar kroner i netto desse fem åra. Ein annan medarbeidar, Asbjørn Knutsen frå Bømlo, er forundra over gavmildheten og alle dei flotte tinga som vert leverte. Han har god greie på antikvitetar og peikar på den gamle kista (med årstal 1848) som er på auksjon. Geografi til skolebrug frå 1854 kan ein også by på i dag.