Fekk problem med kjelken

Det vart diverre ingen god dag på 5 km sitjande for Mariann Vestbøstad Marthinsen i Sotsji i dag. Etter ein skrens fekk ho problem med kjelken, slik at kjelken nærast ploga gjennom løypa.

Allereie etter første passering skjøna me at noko var galt, og utover i løpet vart Mariann berre lenger og lenger bak dei andre - og i mål var ho heile to og eit halvt minutt etter vinnaren. 

Uhellet med kjelken skjedde etter ein skrens. Då bøyde den eine foten på kjelken seg. Det førte til at han ikkje kunne følgje sporet på ein skikkeleg måte sidan skia stod i ein slags V-stil.

- Me prøvde å bøye kjelkefoten på plass undervegs i løpet utan at me lukkast, fortalde trenaren Broks Pettersen til NRK1 etter løpet.

- Dette var surt. V-stil er ikkje noko for meg, sa Mariann til NRK1. Tappert, og litt humoristisk.

Det syner at ho ikkje har tapt humøret, midt i at ho har all grunn til å vere skuffa når materiellet sviktar.

- Men eg er kjempenøgd med meisterskapen totalt, legg Mariann til.