Flott musikkframføring

Onsdag kveld hadde 10.-klassingane ved Rimbareid framføring av musikkprosjekta dei har jobba med sidan nyttår, med hjelp av lærarar på skulen og musikkstudentar frå HSH. Fitjarposten var til stades på generalprøva.

Klasse 10B hadde teke føre seg songar frå ulike ti-år, frå 50-talet og fram til i dag, medan 10A hadde laga ein musikal om ungdomskultur. Spennande begge delar.

I den første avdeinga vart det  framført songar som «That`s alright mama», «Satisfaction», «Mamma Mia», Summertime Sadness» og «Run the world». Til avslutningssong framførte alle Ylvis sin megahit på nettet: «The fox», der musikkstudentane frå Høgskulen spelte og 10.-klasseelevar dansa.

Fitjarposten var til stades på generalprøva, og etter det me kunne sjå hadde foreldre som skulle sjå framsyninga om kvelden mykje å gle seg til. Gamle og nye talent synte at det slett ikkje er fare for at musikklivet i Fitjar skal døy ut med det første.

Rapportane etter kveldsframsyningane er òg strålande. Fullt amfi i nyeskulen og mykje vellæte over det som vart servert.

Studentane som var med går på faglærarlinja på HSH, og dei deltok på fleire nummer.