Bønder med kvalitetsmjølk

Produsentlaget for Stord, Fitjar og Bømlo hadde årssamling på fredag.

Då vart det delt ut heider til seks bønder som produserer elitemjølk. Denne gongen var det fire frå Fitjar som fekk fem- eller tiårsplakett. Meieriet Tine stiller strenge krav til mjølkekvalitet, reinsemd og alminneleg godt fjøsstell, og legg vekt på å heidre dyktige og ivrige mjølkeprodusentar for å auke interessa for godt fjøsstell, god gardsdrift og levering av mjølk med særs god kvalitet. På Vestlandet vert det produsert den beste mjølka, og små bruk ser ut til å vere like dyktige som store.

Desse fekk utmerking: Helga og Rune Longfjeld Rimmereid 10-års plakett, Bård Inge Sørfonn 5-års plakett, Hildegunn og Johannes Rimmereid 5-års plakett. Desse tre bruka har i gjennomsnitt åtte årskyr. 5-års plakett fekk også Vestbøstad samdrift (Geir Thorland og Frode Fitjar), der det er 22 mjølkekyr. Utanom desse vart det gitt plakettar til ein bonde frå Huglo og ein frå Bømlo.

Bård Inge Sørfonn og Frode Fitjar var forhindra i å vere med på bilete.