Paralympics

Det vart ei spennande stund framfor TV-skjermen frå morgonen av i dag.

Mariann Vestbøstad Marthinsen pigga inn til fjerdeplass på langrenn, sitjande, for kvinner. Etterpå fortalde ho til reporter Ole Rolfsrud at den plasseringa er alltid sur, men ho gjorde sitt aller beste. – Eg gjekk tom for energi og var daff i armane, men er likevel nøgd med innsatsen. – Det er nytt håp om medalje seinare i veka. På onsdag er det sprinten, og det er vel Mariann sin favoritt.
Fitjarjenta er no med på sitt andre vinter-Paralympics, og har tidlegare vore med på symjing i tre sommar-Paralympics. I Beijing vann ho bronsemedalje. Både i 2012 og 2014 sigra ho i verdenscupen i langrennspigging samanlagt. Mariann vart kåra til Årets funksjonshemma idrettsutøvar på Idrettsgallaen i 2006. I 2013 fekk ho kammerherre Egebergs ærespris.
Under opningsseremonien fredag var Mariann flaggberar for den norske troppen, ei oppgåve ho også har hatt før.
I samtale med foreldra Bjørg og Tore Arvid får me stadfesta stor spenning rett før start. Mor Bjørg seier at Marianne går for gull, men legg til at 12 km langrenn er både tungt og langt. I samråd med Mariann valde dei å ikkje reise til Sotsji av fleire grunnar. Det skal heller bli ein tur seinare.

L. Pavlenka (Ukr) vann gullmedalje, sølv til Masters frå USA og bronse til Konovalova. Norske Birgit Skarstein debuterte i dag og kom på 12. plass.