Tårnagentar

Mange åtteåringar har meldt seg  til å vere med på eit opplegg i kyrkja både i dag og i morgon .


Det går ut på å vere agentar som blant anna skal utforske  kyrkja, tårnet og klokkene.  Dei skal løyse oppdrag og mysterium. I Bibelen, boka om mysteria, finn agentane både tips og forteljingar som hjelper dei å løyse oppdraga. Rune Longfjeld Rimmereid har hovudansvaret i lag med vikarierande kyrkjepedagog, Birgitte Drønen Brenne. Minst seks foreldre er medhjelparar. Kyrkjetårnet  er nok ein skjult skatt for mange born, seier Birgitte, og det vil vi gjere noko med. Så spørst det då kor mange som vågar seg opp den smale, bratte trappa i dag? 
Opplegget varer mange timar, og borna får servert frukt og pølser i brød. Ein ny song og dramastykke skal øvast på og framførast i gudstenesta i morgon.
Tårnagenthelg er populært  i kyrkjer rundt om i heile landet, men til ulike tider. Opplegget er laga av Den norske kyrkja i samarbeid med Søndagsskulen. Tårnagenthelg vert arrangert for fjerde gong, fortel Birgitte. Søndagsskulen har utvikla nettstaden www.tarnagentane.no
Kyrkjelydsprest  Nobu ønskjer å få med at Birgitte Drønen Brenne blir med på  gudstenesta, ikkje Silje Fyllingen, slik det står annonsert.