Vårteikn

Fitjarposten.no etterlyste fleire vårteikn sist helg, og her kjem eit som kanskje er lite påakta i bygda vår.

Me tok ein tur til Hellandsstraumen for å sjå etter hestehov, men ante at det kanskje var i tidlegaste laget. Langs Straumbekken stod nokre få spirer. Den eine blomstrar snart, berre sola kjem fram att. Når blomstringa er ferdig, kjem blada . Dei er store, ofte 20 – 30 cm i tverrsnitt, og har form som hoven på ein hest, og derifrå kjem namnet på planta. Blada veks vidt utover og kveler lett andre planter .

Blomen har mange namn. Han vert blant anna kalla tælaskreppe, leirfivel, leirfiol. Den som ein gong har lært det latinske namnet tussilago farfara, gløymer ikkje det så lett. Danskane seier følfod.

Hestehov er ein av dei tidlegaste vårblomane. Blomsterstilken strekkjer seg fram så fort telen er borte. Ein stad på Austlandet spirte hestehoven i romjula, utruleg nok. Han trivast best i leirjord og er nokså vanleg i heile landet, kan me lese i eit leksikon. Men han er sjeldnare på Sør- og Vestlandet. Om han veks mange stader her i bygda, er uvisst. Hestehoven er lite attraktiv på dyrka mark.

Hestehoven er ei gammal medisinplante, der blada inneheld slim som lindra hoste og fekk sår til å gro. Dette er ikkje noko å anbefale i dag. Blada har og blitt bruka som tobakk og til fargeplanting.

Det ligg ved eit anna bilete som viser utruleg god grasvokster allereie sjuende mars.