Fotballgruppa på dugnadsarbeid

Geir Tore Søreide har sendt e-post med bilete.

23 mann har brukt dagen til dugnad på søre Bømlo og fjerna den gamle rikslinja som gjekk til Espevær. Arbeidet var tungt,  men det gjekk snart med sterke fotballspelarar. Inntekta skal gå til treningsleiren som A laget skal ha til Tyrkia. Arbeidsleiar var leiaren i fotballgruppa Gisle Levåg.