Fitjar skulekorps sin årlege marknad

Alle medlemmene var på plass med sine instrument då Sigrid Fangel Brekke ønskte velkommen til ein kjekk og tradisjonell marknad, og Svein Roger Koppang stod klar til å dirigere.

Korpset spela fire nummer i første omgang, der to av dei høyrer heime i musikalen Cats, som er komponert av A L Webber. Skulekorpset sine åtte aspirantar spela We Are The Champions (av Freddie Mercury), akkompagnert av Guro Rimmereid på piano.
Fitjar skulekorps har hatt ei travel veke. Onsdag heldt dei konsert på Rimbareid barne- og ungdomsskule, skriv bladet Sunnhordland. Dirigenten håper det kan hjelpe til på rekrutteringa, mens marknaden vert først og fremst arrangert for å skaffe pengar til drift av korpset.
Dei eldste musikarane var ivrige til å selje årer og aspirantane var glade for å gå rundt med gevinstar under trekkinga. Vaksne medhjelparar selde lodd i bøkene og heldt auga med tippestasjonen der ein skulle gjette kor mange snop det var i eit glas. Folk prata med kvarandre og kosa seg med mat og saft og kaffi som var til sals i foajeen. Sjølvsagt skapte det glede hos dei som hadde vinnarlykke denne kvelden, mens nokon vart skuffa. Slik er det kvar gong når gevinstar vert trekte. Gleda over å sjå og høyre Fitjar skulekorps i aksjon er stor blant publikum.