Innskriving til første klasse

Både smil og alvor lyste av andleta til borna som møtte fram på Øvrebygda skule. Dei var både forventningsfulle og spente.

Rektor Sigbjørn Aarland ønskte kvar enkelt velkommen til skulen, skreiv namna  deira i ei stor bok og alle fekk gul namnelapp på bringa. Det var spennande å sjå kva rektor hadde i ei øskje på bordet, med litt av kvart som skulle delast ut. Teiknebok og raud/blå blyant fekk dei  med seg heim. Sigbjørn overrsaka med å fortelje om ei  «liksom –lekse « som skulle vere klar til hausten. Inni ti kvite konvoluttar låg det solsikkefrø og gulrotfrø. Så spørst det om frøa kjem i jorda og får vatn og ettersyn. Det blir spennande å sjå om nokon kjem med eigenproduserte gulrøter i nisteboksen utetter hausten. Solsikkene kan bli vakker pynt i eit bed.

Det kjendest trygt å halde mor eller far i handa eller sitje i fanget, men då sjølve innskrivinga var over, stilte alle borna  opp åleine for å bli med Vigdis R. Leirvik inn i eit klasserom. På tavla var det skrive åtte jentenamn og to gutenamn, og alle greidde å peike på sitt eige. Det gjekk også bra då dei skulle setje ring rundt bokstaven A i kvar sitt namn. Til hausten skal desse borna gå saman med elevane i andre klasse, og dei vart kjende med klassen sin maskot, eit piggsvin som heiter Kristoffer. Det var stas å få plass ved kvar sin pult, og der låg det endå ei teiknebok.

Etter ei triveleg økt i klasserommet var det tid for saft og bollar og kaffi i hallen, der rektor hadde nytta tida til å kome med ymse orienteringar til foreldra.