Sundag 22. Juli 2018


Sambatonar på Rimbareid

Å koma inn på Rimbareid skule i dag var mest sydlandsk. Her var det karneval og kostyme kor du snudde deg. Både elevar, assistentar, lærarar og rektor med hadde kledd seg ut.

No er det ikkje første gongen at ein arrangerer karneval på Rimbareid skule, men truleg er det første gong i eit slikt omfang. I dag deltok heile småskulen og ungdomsskulen. I morgen er det mellomtrinnet sin tur.

- Det er veldig kjekt å kunne gjere slikt like før vinterferien, seier ein strålande nøgd rektor, Siv Grete Stamnes, til fitjarposten.

Ho rosar spesielt primus motorane Maria Solheim Thorsen og Ann Sofie Drønen. - Det er gull verdt å ha slike folk på ein skule, seier ho.

Småskulen i gymsalen
Då fitjarposten var oppom skulen var småskulen sitt arrangement over. Bileta er såleis frå ungdomsskulen sitt arrangement. Småskulen hadde likevel ei storarta stund der både store og små hadde kledd seg ut, opptrådte for kvarandre og dansa til sambamusikk, fekk me vite.

Sjå biletserie nedanfor.

Ny lunsjkonsert med kantor Overweg

20.07.2018 Kjetil Rydland

Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor...

Les meir ...

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...
annonse
annonse

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse

Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil!

20.07.2018 Kjetil Rydland

Bobla med 2,4 liters motor er på plass i bilparken på Rydland, og meir eller mindre klar til Landsfinalen i august. Foto: Kjetil Rydland. Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil Sist...

Les meir ...
annonse