Tirsdag 16. Januar 2018


Den største mangelen på biblar i verda

Dette er temaet i Fitjar kyrkje torsdag 13. februar, skriv Eli Simonsen, og nedanfor får du litt informasjon om programmet

Denne kvelden får vi eit glimt frå Cuba. Gjennom bilete og ord vil Joel Ortega Dopico og Hans Johan Sagrusten fortelja oss om den store mangelen på biblar i dette landet. Joel Ortego Dopico er den øvste kyrkjeleiaren for om lag 800000 evangelisk kristne på Cuba. Han er også president i rådet for kyrkjene i landet. Han er prest og ein inspirerande forkynnar. Talet på kristne på Cuba er dobla på få år, og det er ein sterk lengt hjå hundretusenvis av menneske som ønskjer seg bibel, men ikkje kan få tak i ein. Det Norske Bibelselskap har gått saman med andre bibelselskap om eit stort løft: "Ein million biblar til Cuba". - Dette er mottoet for den årlige Bibeldagen som i år fell på 16. februar.
Hans Johan Sagrusten er prest, forfattar, bibelomsetjar og bibelkonsulent, og han vil vera med å visa bilete og omsetja foredraget til Dopico frå engelsk til norsk.
Velkommen til Fitjar kyrkje og få eit levande møte med dei kristne på Cuba og den sterkaste kyrkjeveksten i verda!

Fitjar kino klar for premiere!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kino klar for premiere! Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel...

Les meir ...

Badesesongen i full gang

14.01.2018 Kjetil Rydland

Ikkje akkurat Syden, men Leander Træet slappar av i bassenget. Foto: Kjetil Rydland.  Badesesongen i full gang Bassenget på Rimbareid skule er ope for ålmenta kvar måndag, bortsett frå i skuleferiane. 

Les meir ...

Zumbafeberen herjar igjen!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Spreke damer på zumbamaraton i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Trude Strand. Zumbafeberen herjar igjen! I dag har over 30 spreke damer gjennomført ein tre timars zumbamaraton, den første i på Fitjar...

Les meir ...
annonse
annonse

Vipe på Fitjar i dag!

13.01.2018 Kjetil Rydland

Vipa er ein flott fugl. Foto: FP-arkiv/KR.  Vipe på Fitjar i dag! I dag fekk Fitjarposten årets første melding om at det er observert vipe på Fitjar.

Les meir ...

Handballjubel

13.01.2018 Kjetil Rydland

  Jentelaget til Fitjar jublar etter siger over Sotra Foldnes 2. Foto: Kjetil Rydland.  Handballjubel  Fitjar IL var vertskap for eit solid knippe handballag i dag, og dei som ikkje kom seg ut i det...

Les meir ...

Vassendgutane klare for årets storkonser…

12.01.2018 Jonas Sætre

Vassendgutane klare for årets storkonsert på Fitjar Førre gong Vassendgutane vitja Fitjar møtte heile 800 opp til konsert. Det svarar til over ein fjerdedel av alle innbyggjarane i kommunen.

Les meir ...
annonse