Vil teste grunnlaget for sommarseter

Fitjar Grunneigarlag vil teste ut grunnlaget for nydyrking og «sommarseter» på Blekje i Fitjarfjellet og starta i dag på eit forprosjekt som skal gje svar på om dette har noko for seg.

Forprosjektleiar er Johannes Sandvik, og med seg i styringsgruppa har han Reidar Kloster, Tore Sigurd Fitjar, Audun Torvund og Harald Rydland. Sistnemnde orienterte i dag pressa om prosjektet før gravemaskina, styrt av Kjell Strand, tok sin første jafs på det som skal bli ein av tre forsøksteigar. Kvar på 20 x 50 meter. Kvar teig vert gjerda inn.

– Opprinneleg tenkte me at grunneigarlaget burde leggja til rette for dyrking av områda og leiga ut teigar på langtidskontrakt til bønder. Venteleg ville me då få vanleg grasproduksjon på teigane, noko som ville innebere transport av gjødsel til fjells og transport av for ned til bygda att. I tillegg noko haustbeite.

Men etter kvart har me utvikla ein ide om å nytte heile arealet til sommarbeite for mjølkekyr/storfe og sau, organisert som «Sommarseter» med hypermoderne opplegg for mjølking - og tilsyn/oppfølging av dyra. Då transporterer ein i staden dyra opp og mjølk ned. Med ein pårekna beitesesong på tre månader, vil området truleg gje grasfor nok til at størstedelen mjølkekyrne i Fitjar kan få to månader kvar på fjellbeite, sa Rydland. - Ein bonus vil det òg vere at det graset som vert dyrka nede i bygda kan nyttast som vinterfor, la han til.

Når teigane som er nemnt ovanfor er klare, vil ein dyrka dei med ulike typar grasfrø i samarbeid med Forsøksringen, og det skal vidare utarbeidast ei skisse til organisering av det heile - og eit grovbudsjett.

Forprosjektet er kostnadsregna til kr. 155 000,-. Frå fylkesmannen har ein fått lovnad om kr. 60 000,-

Ein ny ide er det ikkje. Det har vore snakk om dyrking her i generasjonar, og eldre fitjarbuar me har snakka med kan fortelje at det var kyr på Blekje i gamal tid òg.

Om heile det aktuelle området vert dyrka, snakkar ein om eit samla areal på 400 - 600 mål fordelt på fire hovudområde, og så langt har ein tru på at området vil vere lettdyrka og i all hovudsak sjølvdrenerande.

Om ein får sått i haust var ikkje Rydland sikker på, men om ikkje vil me i alle høve så til våren, sa han.