Asfaltering på Hellandsvegen

Ni kilometer av Hellandsvegen skal asfalterast, og arbeidet er godt i gang.

Det ser mest ut som at vegen er utvida òg. Men det er han ikkje, sjølv om nyasfalteringa gjer vegen mykje meir brukbar enn tidlegare. -Eit etterlengta prosjekt, vil nok mange meine. -I alt skal ni km veg asfalterast i denne samanhengen, fortel ordførar Agnar Aarskog til Fitjarposten, og me kunne laurdag konstantera at ein no var komen nord til Synningo med dette arbeidet.

I helgene tek maskinparken kvile ved Breiavikjo. Foto: Håkon C. Hartvedt