Ferietid og liten aktivitet

I andre etasje i Larsenbygget har rekneskapskontoret Tveit  gode lokalitetar der ni tilsette tek seg av rekneskapsføring og rådgjeving for landbruk og bedrifter.


Då Fitjarposten banka på døra, var det siste arbeidsdag for den som var på jobb  og så blir det stengt nesten to veker framover.  Seinare kjem  nokre attende for å ta seg av oppgåver som skal leverast til faste tider, seier Marit Thorland, ei ung fitjardame som har vore tilsett på kontoret i 2 år. Tre års utdanning i økonomi og administrasjon kvalifiserte henne til jobb i Tveitfirmaet.  Marit stadfestar at våren er alltid ei svært travel tid i denne bransjen. Trettiande juni var siste frist for innlevering av årspppgjer.  No i juli har det roa seg, men det er faste fristar for innbetaling av moms, skatt og arbeidsgjevaravgift i periodar.  Kundar kjem også innom med fakturaer som skal betalast. Men tilstrøyminga er heller lita i ferien og ein vert også  lite uroa av telefonar. Marit ser fram til ferie og solrike  dagar. Den gode sommarvarmen   har ikkje vori noko problem i desse lokalitetane, understrekar Marit Thorland. - Her er svalt og godt og dessutan har me ein kjekk lufteterrasse.

Ingressbilete: Marit Thorland, ein flott representant for dei tilsette på fitjarkontoret til Tveit.