Turistar som stortrivest utan tak over hovudet

- Å køyre motorsykkel er ei fin ferieform, ja det er den beste! Slik uttalte dei seg to unge menn på to hjul gjennom Fitjar i ettermiddag.

Brørne Espen og Jan Fredrik Rutger hadde ein liten stopp i vegkrysset ved Øvrebygda bedehus for å stadfeste at dei  var på rett veg til Haugesund. Espen og Jon Fredrik starta turen frå Oslo sist fredag med kurs for Aurland via Gol  og Hallingskarvet.  Dei var imponerte over mektige fjell og  fjordar på Vestlandet. - Når ein køyrer motorsykkel, får ein verkeleg sjå landskapet , sa ein av dei. Men det må helst vere fint ver. Då nyttar brørne høvet til å sove under open himmel; dei nemner spesielt ei overnatting langs Sognefjorden, som gav  ei flott naturoppleving i godver. Telt er ikkje med i bagasjen deira. All matlaging føregår ute og posesuppe er ikkje noko middagsalternativ, nei då vert det heller kotelettar og surkål til dømes. Espen fortel at Jon Fredrik står for matlaginga. Stormkjøkken er med på lasset.

Karane droppa turen til Ålesund og vidare til Kristiansund via Atlanterhavsvegen fordi YR melde dårleg ver på dei traktene. Det vart i staden tur til Florø, Førde og vidare til Bergen. Og natt til i dag var det overnatting innomhus på Fitjar Camping.  Vermeldinga har gitt dei von om fint ver på ferda vidare til Stavanger og Kristiansand og då er planen å køyre ytre lei, som mange kallar det. Dei har ikkje ønskje om å unngå smale og svingete vegar for å kome heim att til Oslo.

Brørne har allereie planar for neste års ferietur, eit sterkt ønskje om å køyre til Alpane og kanskje Pyreneane, og då sjølvsagt  med motorsykkel.

Ingressbiletet viser brørne Espen (t.v.) og Jon Fredrik Rutger på motorsykkeltur.