Bandlagt

Leikeapparata i Fitjar sentrum er ennå ikkje klare til å bli leika med.

Kommunen sitt tiltak med leikeapparat i sentrum er ennå ikkje klart til å bli tatt i bruk. Kultursjef Bente Bjelland opplyser at det har med at fundamenta apparata er festa i må torka og herda, men i starten av neste veke reknar ho med at sperrebanda kan fjernast og området takast i bruk.