Er dette båten din?

I så fall ønskjer politiet at du tek kontakt med deg.

Båten blei funnen laurdag, i fjøresteinane i Fitjar sentrum. Det er ein åttefots Aquaquick, med ein Mercury 4 hk påhengsmotor. Politioverbetent Egil Espeland ved Stord lensmannsdistrikt fortel at dei så langt ikkje har fått tilbakemeldingar etter at dei la ut melding om båten på Twitter onsdag kveld. Espeland fortel vidare at dei no skal undersøkja båten nærare, for å finna ut om den er stolen, som det kanskje ser ut som no.