Laurdag 21. April 2018


Idealistisk seglas

Tysdag til onsdag var båten Sjøelgen innom Fitjar, ein båt lasta med idealisme og entusiasme til tett oppunder plimsollmerket.

Båten er resultatet av Børje Møster si interesse for historie og båtar.

- Ideen kom då eg var på Kon-tiki-museet og såg ein stillehavskatamaran. Då såg eg at båten likna på båtar på helleristingar på Vestlandet.

Dermed var idefrøet til denne båten planta.

- Steinalderen var ein 6000 år lang periode som me ikkje veit så mykje om. Men me finn steinar som har blitt flytta langs kysten, som ikkje høyrer heime der dei no ligg. Det viser at dei reiste, og då må dei ha hatt gode båtar. Heilt korleis desse båtane var, veit me ikkje. Difor byrja eg å leika meg med dei materiala som var tilgjengelege for steinaldermenneska.

Eit skjelett av lerk, furu og eik, master av gran og spant av rogn og hassel, kledd med skinn. Summen av dette er ein båt som klarer rundt ti knop.

- Det er ikkje nytta spiker eller skruar. Skroga er kledd med elgskinn, som me har fått frå Granberg garveri. Steinaldermenneska her hadde nok sikkert brukt reinskinn. Det gjekk med 20 skinn til skroget og uteriggaren. Skinna har me impregnert med fiskeolje og så eit lag med tran ytst, og no er det blitt heilt tett Hovudskroget er 12,5 meter og uteriggaren er 8,5 meter. Storleiken blei bestemt ut frå kor stor plass eg hadde heime på garden, fortel han med eit smil.

Båten er ikkje basert på teiknngar frå nokon stad. Møster fortel at byggjeprosessen har vore intuitiv, at båten har utvikla seg naturleg undervegs, mellom anna med idear han har vakna av om natta. Sjølve bygginga starta i september i fjor, heime i Manger, og båten gjorde unna jomfrureisa i påska i år. Møster er ikkje ukjent med kva som fungerer på sjøen. Han har nemleg mange år bak seg som skippar langs kysten. No er det vinden og ikkje lasta som bestemmer kor og kor lang reisa går. Ondag venta dei på at vinden skulle dreia over på sør, før dei kunne gje seg på heimveg att.

Båten er ein del av eit større prosjekt. Møster håpar på sikt å etablera eit steinaldersenter på ein av dei rikaste steinalderfunnstadane i landet, ved Fosenstraumen, mellom Radøy og Austrheim. Senteret skal driva kulturformidling, og då er det kjekt å ha ein båt som kunne vore i bruk i steinalderen.

Idealisme på kjøl

Som mannskap har han med seg to ungdommar. Dermed har båten eit mannskap på tre, noko han meiner er eit minimum. Men det er ikkje fullbefarne sjøulkar han har med seg. Dette er ungdommar som jobbar for kost og losji på garden hans, ungdommar som har kome frå storbyar for å læra meir om økologisk jordbruk. Alona Postnikova frå Paris og Chris Manzi frå New York hadde inga tidlegare erfaring med sjølivet då dei mønstra på, og har vore nøydde til å læra fort. Og det har dei klart. Då dei kom til Fitjar, hadde dei brukt åtte timar på å segla frå Bergen, inkludert noko padling. I tillegg til å læra sjømannskap og jordbruk under opphalda sine i Norge, lærer dei korleis det er å bu her, både i ein norsk familie og det norske samfunnet. Chris Manzi, som kjem frå New York, fortel at han måtte ta bilete av nokre syklar som stod i sentrum. - Dei var utan lås, og så stod dei der neste dagen også! Det hadde aldri skjedd i New York!

Det er ikkje berre for å prøva ut båten Møster seglar. Som tidlegare leiar i Miljøvernforbundet i Nord-Hordaland er han engasjert i miljøsaker, og no vil han protestera mot dumping av gruveavfall i norske fjordar. Det er ei ei sak som er høgst aktuell, mellom anna i Førdefjorden, der myndigheitene vil tillata dumping av 10 000 tonn gruveavfall dagleg i 50 år,fortel Møster.

- Statens eigne ekspertinstansar, Havforskingsinstituttet, Statens Naturoppsyn og Norsk Institutt for Vannforsking, seier alle nei, på grunn av at det maritime miljøet vil bli øydelagt. Regjeringa seier då at ein må knusa nokre egg for å laga ein omelett. Det går å leggja desse massane på land og leggja jord oppå, men det er dyrare. At dei uansett vil dumpa avfallet i sjøen, viser at det er pengane som rår. Når det er på den måten, får me eit rått samfunn. Dersom ein først byrjar å tillatta dette ein plass, har ein kryssa ei grense. Kor skal det då stoppa? spør han. Difor reiser han no langs kysten med eit protestbanner han spenner opp mellom mastenen og inviterer til dialog og vekkjer merksemd rundt denne utfordringa. Og så er det absolutt gunstig å ha ein båtsom gjer så mange nysgjerrige at dei tar kontakt med sjøfararane frå steinalderen.

Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!

19.04.2018 Kjetil Rydland

  Gabriel Nedal Kvamen ser ut til å finna seg til rette på ryggen til mor, Solrun Irene Kvamen. Foto: Kjetil Rydland.   Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!  I dag møttest...

Les meir ...

Carfix med utleigebil til kundane

19.04.2018 Kjetil Rydland

Så fin er den nye Renault Zoe elbilen til Carfix. Foto: Kjetil Rydland.  Carfix med utleigebil til kundane Carfix på Fitjar kan skilta med ein splitter ny elbil som kundane kan låna...

Les meir ...

Fjord1 med ny nettside

19.04.2018 Kjetil Rydland

MF "Vågsøy" går i sambandet Sandvikvåg-Husavik. Foto: FP-arkiv/KR.  Fjord1 med ny nettside Ferjeselskapet Fjord1 lanserer ny nettside med eit heilt nytt visuelt inntrykk. 

Les meir ...
annonse

Slik blir årets utgåve av Fitjarfestival…

19.04.2018 Harald Johan Sandvik

Slik blir årets utgåve av Fitjarfestivalen Styreleiar Inger Elin Helland orienterte formannskapet i Fitjar om den niande utgåva av Fitjarfestivalen.

Les meir ...

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass

18.04.2018 Harald Johan Sandvik

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass Olaug Haugen er ny rådmann i Fitjar. Foto: Harald Johan Sandvik Påtroppande rådmann Olaug Haugen var med på sitt første politiske møte i Fitjar...

Les meir ...

Bli med til Kvinnherad på bygdekvinnestr…

18.04.2018 Kjetil Rydland

Bjørg Strømme og bygdekvinnene har mange jern i elden. Foto: FP-arkiv/KR.  Bli med til Kvinnherad på bygdekvinnestreif  Bli med på bygdekvinnestreif i Omvikdalen 28. april, oppmodar Bjørg Strømme i ei pressemelding.

Les meir ...
annonse

Første vigsla for ordføraren

20.04.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll med brurparet Malene Løklingholm Leivestad og Morten Bauge Torland. Foto: Kjetil Rydland.   Første vigsla for ordføraren Fredag fekk ordførar Wenche Tislevoll sin elddåp då ho vigde Morten Bauge Torland (31)...

Les meir ...
annonse