Lokalt pengedryss

Tysdag overrekte Ingrid Vestbøstad i Sparebanken Vest store pengegåver til Fitjarfestivalen og Håkonarspelet.

Tysdag fekk Fitjarfestivalen 15 000 kroner, og Håkonarspelet fekk 35 000 kroner, pengar som kjem vel med i desse tunge løfta for fitjarbygda. Festivalsjef SIgurd Andre Maraas går så langt som å seia at dei er heilt avhengige av alle gode hjelparar i bygda for å få festivalen opp å gå. Og då er slike pengegåver ei god hjelp. For ikkje alt  som krevst til ein slik festival kan dekkast inn med dugnadstimar.

Også Håkonarspelet, som ikkje har blitt vist fram sidan 2010, fekk ein god start på oppkjøringa til framsyningane i september, då dei fekk pengane frå Sparebanken Vest. Banken har som mål å dela ut pengar frå overskotet sitt til lag og organisasjonar som driv med allmennyttig formål på Vestlandet.