Frå anleggsplass til tumleplass

No er uteområdet på Rimbareid skule nesten ferdigstilt, stor glede for elevar og tilsette ved skulen.

Etter at plassen blei asfaltert tidleg i april, har det stadig blitt lagt til element for å få ein innbydande tumleplass, der elevane kan få ut den energien som ikkje er gagnleg i klasserommet. Tidlegare i vår var det offisiell opning av skulebygget. Då gav FAU utstyr til bruk i skulegarden. Og no er plassen mellom skulebygningen og gymsalen i full bruk, med ballbinge, volleyballbanar, bordtennisbord, sitjebenkar og oppmerka 60-meter. Frameis er det maskinar i sving, men no i utkansten av skuleområdet. Mest omfattande er for tida bygginga av ein ny ballplass nedfor gymsalen.

Det er ikkje berre på skuleplassen som har blitt rusta kraftig opp. Bak SFO har det blitt laga til ein stor leikeplass for dei yngste, med oppmerka banar og det me må kalla ei jungelløype.

Å få skuleplassen tilbake frå gravemaskinane og lastebilane har gitt ein ny kvardag på Rimbareid, med godt med plass til alle. Og med ein open dag på skulen onsdag, kan bygda sjølv sjå korleis kvardagen til den oppvekksande slekta på Fitjar har blitt.