Torsdag 26. April 2018


Mannskortur

Osternes Mannskor har vore på busstur. Ei reiseskildring.

På morgonen Kristi himmelfartsdag reiste koret med koner og mange vener på tur med Stord Turbuss, der John Clausen er eigar og sjåfør.

Første stopp var Flåm, og togreisa opp til Myrdal var sjølvsagt med i programmet. Vêret var ypperleg, og Flåmsdalen med sin mektige natur kom heilt til sin rett. Huldra i fossen sneik seg også fram og framførte freistande lokketonar, men ved oppteljinga etterpå var alle framleis med!

Turen gjekk vidare gjennom Lærdalstunnelen og Lærdal, der me trass alt såg lite av skadane frå brannen i januar. Det meste var rydda. Det var stopp i bokbyen i Fjærland, og det låg nokre kroner att i pengeboksane då følgjet for vidare. Første overnattinga var på Skei Hotell i Jølster.

Fredagen gjekk turen nord og vest: Vestkapp på Stad var første mål, og spaninga var stor: Er det skodde der oppe i dag? Og det var det. Sikten var ikkje veldig god, men me såg ned på havet 496 meter under oss. Det var uansett ei stor oppleving.

Vel nede att vart kursen sett mot Ervika litt lenger sør på Stad, der hurtigruteskipet ”St. Svithun” vart bomba og gjekk ned under krigen. Folket i bygda stod for ein stor redningsaksjon, og 76 personar vart redda. Det var i alt 123 menneske om bord.

Neste stopp var Selje Hotell, og laurdagen var alt folket på båttur ut til øya Selja med det kjende Selje Kloster. Ruinane vitnar om stor aktivitet og rikdom på klosteret, som var i drift frå rundt år 1100. Det er usikkert kor lenge, men det er kjent at det var i drift i 1451. Bakgrunnen for at det vart bygt kloster her, er soga om St. Sunniva, sjå denne linken: 

På veg opp til Sunniva-hola måtte alle drikka av vatnet i Sunniva-kjelda, der den som drikk, får lækjedom for plagene sine. Ein av turdeltakarane hadde fått stopp på fotoapparatet sitt, og han fekk råd om å duppa det i kjelda for å få det i gang igjen. Han følgde ikkje rådet, og apparatet vart slett ikkje betre!

Kursen vart sett mot Måløy, men me køyrde rett til den gamle handelsstaden Vågsberget, der det vart servert fiskesuppe og interessant lokalhistorie. Bussen køyrde så til Kannesteinen i Kvalheimsvika, der alle kunne sjå korleis sjøen formar fjellet i strandsona i hardt vêr. På rasteplassen her sat ei gruppe unge damer som heldt utdrikningslag for ei veninne! Dei hadde ikkje venta seg eit heilt mannskor, men no vart det song for brura!

Frå Måløy var det ferje til Bremangerlandet og køyring direkte til Førde for overnatting. Søndag formiddag song me i kyrkja under gudstenesta, der me møtte mange kjenningar. Middagen denne siste dagen hadde me på Brekkestranda Hotell, som er kjent for å vera bygt heilt utan rette vinklar. Det var uvant og sjarmerande.

Alle som var med vil senda ei stor takk til turnemnda for god planlegging og flott gjennomført tur! I nemnda sit Per Johan Vestbøstad, Nils Ingmar Hageberg og John Arvid Skumsnes. Sistnemnde var suveren konferansier på turen!

Ei stor takk også til den dyktige sjåføren John Clausen!

Releasekonsert med Ole André Westerheim

25.04.2018 Kjetil Rydland

Ole André Westerheim med den nye plata si, «Utanfor alt». Foto: Kjetil Rydland.  Releasekonsert med Ole André Westerheim Førstkomande laurdag blir det konsert med Ole André Westerheim på Arena på Stord. Med på...

Les meir ...

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag

25.04.2018 Harald Johan Sandvik

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag Atle Tornes overrekte kommunen sitt stempel til Olaug Haugen.

Les meir ...

Takk for maten!

25.04.2018 Kjetil Rydland

Eva Fjeldstad med "Takk for maten! Boka som tarmen din har ventet på".  Takk for maten! Førstkomande fredag vil Eva Fjeldstad halda foredrag i Fitjar kultur- og idrettsbygg om boka si, “Takk...

Les meir ...
annonse

Kulturskulekonsert på Rimbareid skule

25.04.2018 Kjetil Rydland

Populære lærarar i Fitjar kulturskule, f.v. Ole André Westerheim, rektor Håvard Kroka, Jone Foldøy Grutle og Rune Nesse. Foto: Kjetil Rydland.  Kulturskulekonsert på Rimbareid skule Ein stor del av ungdommane i Fitjar...

Les meir ...

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar…

25.04.2018 Jonas Sætre

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar kommune Ein revisjon frå Deloitte syner at Fitjar kommune har store manglar i måten dei handsamar sensitive personopplysningar på.

Les meir ...

Bremnesingane var litt for sterke

24.04.2018 Kjetil Rydland

Jens Ragnar Helland scora det einaste målet for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Bremnesingane var litt for sterke Bremnes 2 vann 4-1 over Fitjar i ein kamp i 13-årsklassen på kunstgraset vårt i...

Les meir ...
annonse

– Stress er ikkje farleg!

26.04.2018 Kjetil Rydland

Her trødde Bjarte Stubhaug sine barnesko, i vår er han tilbake med stressmeistring for elevane på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland. – Stress er ikkje farleg! Rimbareid skule har dette semesteret hatt...

Les meir ...
annonse