Tirsdag 16. Januar 2018


Spennande dag for ungdomsråda

Ungdomsråda i Fitjar og Stord var nyleg på tur i lag. I tillegg til at dei fekk mykje kunnskap om lokalhistoria og kystkulturen vår, jobba dei med lokalpolitiske spørsmål.

Sekretær for Fitjar Ungdomsråd, Kristin Skare, fortel at siste var lagt opp som gruppearbeid og at ungdomane jobba med tre problemstillingar vedrørande kommunesamanslåing.
1. Kva tenester er det særs viktig for deg at du beheld i nærmiljøet/noverande kommune?
Her meinte ungdommane at skule, barnehage, helsesyster, legevakt, bibliotek (kulturtilbod) var naudsynt å behalda i nærmiljøa for at det skulle vera attraktivt å bu der.

2. Korleis kan ein ny kommune sjå ut?
Resutatet av dette var tre løysingar:
1. Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes, Sveio og kanskje Austevoll? (Dei var litt usikre her..)
2. Stord, Fitjar, Bømlo
3. Stord, Fitjar, Tysnes, Bømlo (denne kommunen vart også døypt Sunnhordland)

3. Korleis kan ein få til ein prosess i ei eventuell kommunesamenslåing som gjer at alle kjenner seg nøgd og sikra at alle vert høyrt?
- Ein må gjera overgangen liten og gradvis, samt ha vanlege val, meinte ungdomane som mellom anna fekk gode innspel av tidlegare ordførar Harald Rydland.

Lærerik og spennande tur
Turen starta elles frå Fitjar kl 1200 med Seladon, og fleire fleire av ungdommane fekk styra seglskuta. Dei fiska, sette segl, og skipper Einar Matre fortalde undervegs. Ungdomane fekk høyre historia om Thommesen som eigde Engesund, om sjørøveri og korleis ein bygde husa før i tida. -Veldig kjekt! kommenterer Skare.

På Smedholmen grilla dei pølser og Marshmellows og fekk med seg eit lokalhistorisk foredrag av Harald Rydland med historia til Fitjar og Stord kommunar som tema. Rydland  fortalde at ein først var ein kommune, men på grunn av stor avstand for mellom anna folk som budde i øyane, vart det vanskelig for folk å delta i lokaldemokrati på Stord. Difor måtte ein ha eigen kommune i Fitjar.
- Oppgåvene til kommunane på den tida var stort sett helse og skule. Seinare har det kome mange nye oppgåver til, og mange av desse oppgåvene er for store for dei små kommunane å løysa aleine, så då må dei ha interkommunale samarbeid, sa Rydland. 

Han peika vidare på at me no lever i ei digital verd, der mykje kan løysast over internett, så me treng gjerne ikkje kontor i alle kommunar for ein del tenester. - Til dømes kan ein ha samlokalisering med økonomi på eitt av rådhusa, landbruk på eitt osv., meinte han, og peika til slutt 
på løysingar med mindre utval som styrte lokale saker (à la bydelsutval).

Roing, pannekaker og knutar.
Etter denne økta var det roing i færing og servering av pannekaker. På heimveg fekk ungdomane ei innføring i knutar som dei fekk vita kunne koma til nytte resten av livet.

- Det er fantastisk å vera på tur med Terje Skorpen og Einar Matre. Dei har mykje kunnskap om lokalhistoria og kystkulturen vår og formidlar ho på ein lun og innsiktsfull måte. Ei av deltakarane frå Stord sa "Tusen takk for lærdommen!" då ho hadde kome i land, fortel Kristin Skare til slutt.

Deltakarane
Frå Stord:
Jonas Saue Almås, Marie K. Bruntvedt, Svein Sandvold, Arja Myhre, Olve Akselsen, Torjus Sagenes, Torbjørn Søreide, Torstein Helle Meling (som er student hjå utekontakten).
Frå Fitjar:
Morten Korsvik, Kine Malene Sørfonn, Anton Pletten og sekretær Kristin Skare.

Fitjar kino klar for premiere!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kino klar for premiere! Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel...

Les meir ...

Badesesongen i full gang

14.01.2018 Kjetil Rydland

Ikkje akkurat Syden, men Leander Træet slappar av i bassenget. Foto: Kjetil Rydland.  Badesesongen i full gang Bassenget på Rimbareid skule er ope for ålmenta kvar måndag, bortsett frå i skuleferiane. 

Les meir ...

Zumbafeberen herjar igjen!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Spreke damer på zumbamaraton i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Trude Strand. Zumbafeberen herjar igjen! I dag har over 30 spreke damer gjennomført ein tre timars zumbamaraton, den første i på Fitjar...

Les meir ...
annonse
annonse

Vipe på Fitjar i dag!

13.01.2018 Kjetil Rydland

Vipa er ein flott fugl. Foto: FP-arkiv/KR.  Vipe på Fitjar i dag! I dag fekk Fitjarposten årets første melding om at det er observert vipe på Fitjar.

Les meir ...

Handballjubel

13.01.2018 Kjetil Rydland

  Jentelaget til Fitjar jublar etter siger over Sotra Foldnes 2. Foto: Kjetil Rydland.  Handballjubel  Fitjar IL var vertskap for eit solid knippe handballag i dag, og dei som ikkje kom seg ut i det...

Les meir ...

Vassendgutane klare for årets storkonser…

12.01.2018 Jonas Sætre

Vassendgutane klare for årets storkonsert på Fitjar Førre gong Vassendgutane vitja Fitjar møtte heile 800 opp til konsert. Det svarar til over ein fjerdedel av alle innbyggjarane i kommunen.

Les meir ...
annonse