Spar Fitjar - Cup i strålande solskin

Både laurdag og i dag var det full aktivitet då aldersgruppa 1. – 4. klasse deltok i fotballturneringa som er årets største arrangement for fotballgruppa til Fitjar Idrettslag.

Minst 60 lag frå Stord, Solid, Trott og Selbjørn sine klubbar var påmelde i tillegg til Fitjar. Den flotte grasbanen var delt opp i seks minibanar og kampar vart spela på løpande band begge dagar. Ivrige gutar og jenter gjorde sitt beste for å sparke ballen i motstandaren sitt mål, sjølv om det ikkje vart ført opp kven som scora mest. Dei yngste spelarane debuterte på fotballbanen og mange hadde heller lita trening på førehand, men dei visste korleis ting skulle gjerast. Trenarar, foreldre og søsken stod på sidelinja og oppmuntra til innsats. Stolte besteforeldre var og blant tilskodarane. Kvar gruppe spelte tre kampar mot forskjellige lag og så kom høgdepunktet: Høgtideleg utdeling av pokal til kvar spelar. Det var minileiar Anne Helene Vestbøstad som stod for overrekkinga. Stolte og glade stod borna på pallen og fekk applaus av publikum, og mange tok sjølvsagt bilete av dei.

Mange av dommarane var også debutantar slik som tidlegare år. Dei eldste borna i denne turneringa spelte sine kampar på laurdag. Begge dagane var det mykje folk til stades og fotballgruppa får mykje ros for alt som var så godt tilrettelagt. Dette vart spesielt understreka av pappa John og dottera Ine Sofie, då me trefte dei ved utgangen. Ho deltok for tredje gong og var glad for pokalen ho fekk med seg heim til Leirvik. Eg likar fotball veldig godt, sa Ine Sofie, og føya til: Stord er beste laget!
Det ligg ein kjempestor dugnadsinnsats bak ein så vellukka Spar Fitjar – Cup.