Mangt å glede seg over i Fitjar sentrum

Både nybygg og forbetringar gjer det trivelegare.

Då vil me først nemne eit nybygg, sjølv om det er lite. Alle som plar stå i sentrum for å vente på ein buss har no fått tak over hovudet. På ein regnfull dag kan ein stå tørt i det nye buss-skuret som er plassert framfor Fitjartun. Ein av dei som er næraste nabo, Teodor Træet,  fortel at skuret kom opp i ein fei før 17. mai. I nærleiken ligg det flotte leilighetsbygget som på folkemunne heiter Operahuset. I denne månaden er arbeidet med nytt stakittgjerde fullført. Ved sida av Blomsterbua har leveggen fått spiler, pergola og sitjegrupper har fått mørk trefarge og blomsterkasser er hengt opp på tre sider. Her kan ein setje seg ned og nyte ein fin sommardag. Elles er det gledeleg å sjå kor praktisk og fint det har blitt ved inngangspartia til rådhuset, som no er lett tilgjengeleg for alle som har ærend til eit eller anna kontor. Også denne sommaren er blomsteroppheng på plass langs rekkverk og på gateljosstolpar, til glede for tilreisande og alle som bur her.