Førskuleborn på tur til Bergen

Dåfjorden barnehage tok dei eldste borna med seg til Bergen

Tysdag 27.5.2014 hadde tre born og to vaksne ein minnerik og kjekk avlutningstur, der dei besøkte Akvariet og fekk sjå sjøløveshow og selshow. Sjøløva vinka og dansa.

Innsendar Kristine Maraas Heggøy skriv vidare: Borna fekk prøve "terapi fisk" dvs fisk som et døde hudceller, dette var og noko som me lo og snakka ein del om. Me var kjempeheldige med veret og fekk sjå Bergen by frå si beste side. Barnelatter og livleg fantasi stod høgt på denne turen. Borna laga seg eigne historiar av ulike dyr og bodiar (småkryp) som dei såg.

Me vil takka for ein kjempekoseleg tur i lag med dei borna som skal byrja på skulen til hausten!