Tone Sandtorv Brakedal med tre andreplassar i Framoleikane i dag.

Vidare i Framo-lekene har Tone hoppa tresteg, høgde og sprunge 60 m.

Bård Inge Bø held oss orientert om Tone sine gode resultat på Fana stadion i dag. Persen med 1,54 i høgde var kanskje det mest overraskande og gledelege, skriv han i ein e-post. Særleg tatt i betraktning at det er venstre/sats-foten som er skadd, slik at ho ikkje har fått trent noko særleg høgde siste månaden. Dette heldt til andre plass, ei forbetring på 4 cm. På 60 meteren som gjekk i svak motvind, sprinta ho inn til 8,16 etter ein litt dårleg start. Også her ein flott andreplass der 20 deltakarar var med.

Tone oppnådde endå ein 2. plass med 10,88 m i tresteg.