Slåtten er alt i gang

Det må vere ein uvanleg tidleg  start når slåmaskiner er i arbeid 30. mai.


Me trefte Morten Skumsnes på Vestbøstad  i ettermiddag då han surra store grasballar inn i plast. Ein annan traktorførar, Ingolf Skumsnes,  køyrde først rundt med ballemaskin og samla graset som låg i range rekker. Morten fortel at graset vart slege fredag kveld og har lege og fortørka til i ettermiddag. Det såg ut til å vere bra avling på denne slåttemarka som ligg lunt til i le for nordavinden. Lagleg ver med mange solrike dagar og regn innimellom  har gitt god grasvekst i enga som var attelegg i fjor. Bonden sjølv, Kristoffer Dalen,  kan ikkje minnast å ha  starta slåttearbeidet så tidleg  nokon gong, men no var det rett tidspunkt.  Også andre bønder i Fitjar var travelt opptekne med slåttearbeid i dag.