Tone Sandtorv Brakedal med årsbeste i landet på 80 m hekk

Bård Inge Bø tipsar oss om hennar flotte innsats på Framoleikane i dag.

Han skriv at Tone har sust inn til årsbeste i landet og siger på 80 m hekk med den sterke tida 12,33. Det er drygt to tidelar betre enn neste jente. Resultatet er nesten tre tidelar betre enn hennar førre pers på distansen, som vart sett i Haugesund sist helg. Tone skal delta i tresteg i kveld. Elles er ho på påmeldt til 100 m, høgde, lengde, 300 m hekk og 60 m. - Så får me berre håpe at den vonde foten held, seier Bård Inge til slutt.
Framoleikane vert avvikla på Fana stadion frå torsdag til søndag denne veka. Det er eit av Norges største friidrettsstemne, og det største på Vestlandet, kan me lese på leikane si nettside. Alder på deltakarane er frå rekrutt til 19 år, og det er forventa mange sportslege høgdepunkt blant utøvarar frå heile landet. Vermeldingar for desse dagane gir håp om strålande sommarver.