Håkonarspel med meir action - og overraskingar

I byrjinga av september er det igjen duka for Håkonarspel i Moahagen. I går møtte folk frå spelet årets regissør, Jeff Pedersen. Han lovar eit meir aktivt spel, med action og overraskingar.

- Eg har ein del idear om å få inn uventa element. Dei får du sjølvsagt ikkje vite no. Det er noko eg vil utvikle i lag med aktørane, sa han til fitjarposten.no. Men han røpa alt no at folk frå Stord Parkour vil delta i spelet - og me fekk òg vite at Brynjar Stautland, kjend som Olav Tryggvason i Mostraspelet, skal ha rolla som Håkon den Gode.

Pedersen er elles godt kjent med spelet vårt. Tidlegare har han vore med som slagsceneinstruktør både når spelet var i Håkonarparken og seinare i Idrettshallen.

I går var det første gongen han fekk sjå Moahagen. Det skapte begeistring.
- Her er potensial til å få til mykje spennande. Både med bygningane og det opne området, sa han spontant.

Amerikanaren som har budd mange år i England, og som flytta til Noreg for to år sidan, har i det siste regissert spennande oppsetjingar både inne og ute - og i TV-samanheng.

- Han har ein utruleg bra CV, seier primus motor i Håkonarspelet, Bjørn Haaland.

Saman med Jorunn Hernes, Torhild Andersen og Karvel Strømme var han i går på plass i Moahagen for å gje tilbakemeldingar til regissøren, noko Jeff Pedersen var svært glad for.

Seinere på kvelden fekk han møte fleire av aktørane.

Les meir på facebook.