FMV206 «Bondøy» levert

FMV206 SalmoNor`s «BONDØY» vart i går overteke av av reiar.  Etter overtakinga  sette båten kursen mot Rørvik, som er heimehamn for båten.

Det var produksjonsleiar Terje Bondø som henta båten saman med sin bror Kåre Bondø og sin «medkaptein» John Anders Dahl.
Dei la frå kai på Fitjar like før klokka 15.00 med kurs norover for å rekke dåpen som skal gå føre seg i Rørvik i morgon, fredag 23. mai.

Jan Thore Josdal ved FMV fortel til fitjarposten.no at reiar og mannskap har gjeve uttrykk for at dei er godt nøgde med byggjeresultatet, og meldingene fra båten på veg heim er at han fungerer veldig bra på sjøen.

Navnet Bondøy kjem frå staden der Terje og familien hans voks opp like utanfor Rørvik.