Øydela for togopplevinga

Fleire har reagert på at minst tre bilar ikkje klarte å venta til barnetoget hadde passert på veg frå hotellet og opp til kyrkja 17. mai, men kjørte gjennom toget.

 Tipsaren som har kontakta FItjarposten fortel at fleire reagerte på at somme ikkje hadde respekt nok til å venta til heile toget hadde passert før dei kjørte avgarde. Sjef for 17. mai-komiteen, Rønnaug Hestenes, stiller seg også undrande til denne oppførselen når Fitjarposten tar kontakt.

- Akkurat det fek eg ikkje med meg. Men det er jo heilt utruleg at nokon gjer slikt. Det har aldri vore naudsynt med vakter langs ruta til togetfør, og eg håpar ikkje me treng det i framtida heller, svarar ho.