Trylla med tørrfisk

Fitjar vidaregåande skule har gjennom to år delteke i eit Comeniusprosjekt saman med skular frå Tyskland og Italia. Like før 17. mai hadde dei avslutning der dei  hadde «trylla» fram nydelege tørrfiskrettar.

Tittelen på prosjektet er «Stochfish- around Europa- traditional and modern» og temaet er historia om, og bruk av, tørrfisk i dei tre landa.

I år var det Fitjar vgs sin tur til å ta i mot lærarar og elevar frå skulane i Tyskland og Italia. Fitjarposten var innom og fekk smake på rettane. Det angrar me ikkje på. Maten var både fin å sjå på, og særs god for ganen.

Dei inviterte gjestene fekk, i tillegg til den nydelege maten, med seg fine presentasjonar ved elevane, song av Fvgs sin eigen elev, Edith Helland - og ein flott tale på engelsk av rektor Leif Helge Engelsen.

Her er menyen:

Forrett: Insalata di stoccafisso frå Italia.
Suppe: Holsteiner Stockfischkartoffelsuppe mit Gedøns frå Tyskland.
Hovedrett: Pannestekt tørrfisk med bacon og flatbrød frå Norge.
Dessert: Ice cream with pinenut and pistachio and cat`s tongue cookies frå Italia.