- Mange lokale godbitar

I Fitjarrevyen «Fitjar i vinden» vert det sjølvsagt innslag om vindmøllene, men det vert ikkje det einaste fitjarinnslaget. - Det skal bli mange andre lokale godsaker å gapskratte av, seier Ole Bergesen ei veke før premieren.

- Revyen i år er den 15. i rekkja, så i år skal me òg ha litt harselering om oss sjølve og Ronald Hareide. Elles skal det mellom anna handle om kommunesamanslåing, kyrkjelys, gatelys - og nokre lokale gjester i teltet skal me òg trekkje fram, røpar Bergesen.

Sjølvsagt vert òg Oskar-en med, og i år skal me vidare møte fitjarjenta Rannveig Matre Berrefjord, både verbalt og i song og dans.

Hans Morten Hansen er tilbake i revyen etter fire år. Han har hytte på vestsida av Tysnes og trivst i Fitjarrevyen. - Veldig hyggjelege folk å samarbeide med, og eg gler meg til ein sommar på Fitjar igjen, seier humoristen som mellom anna vil ta for seg tema som å bli 50, språk, einsemd på vegen og kortvokst mat.

I tillegg skal vi sjølvsagt og få møte vår meister i gode lokalparodiar, Terje Træet - og Morten Fredheim som imponerte med nydeleg song under gullfesten for Mariann Vestbøstad Marthinsen.

- Det vert i det heile flust av sketsjar, crazy-komikk, monologar og flott musikk, seier Ole, og legg til:

- Det er framleis mykje arbeid igjen, men me føler me er bra i rute. Så det er berre å hiva seg rundt å fa tak i billettar, før det heile brakar laus neste fredag!

Det er Fitjar Fjordhotell som står som arrangør av revyen, og hotelldirektør Ronald Hareide understrekar at på Fitjar kan ein få heile pakka med revy, mat og overnatting på ein og same plass.