Grilling og leik ute er populært

Det fekk me eit godt døme på då tysdagsklubben hadde avslutning i dag.

Tysdagsklubben i Øvrebygda er ei talrik forsamling til vanleg, men i dag høvde det seg slik at mange hadde anna på programmet, både gebursdagsfeiring og idrett. Likevel kan me konkludere med at dei frammøtte hadde det kjekt i lag, og born og vaksne sprang rundt i haugane og leita etter postar. 50 – leiken som Arnt hadde stelt til, vekte interesse. Mødre og fedre fekk fram sveitten i panna medan borna sprang så lett. Kanskje det var litt tyngre å springe frå post til post når ein nettopp hadde grilla og ete mange pølser. Dei fleste sat i le for den kalde nordavinden, men varmen frå grillane gjorde godt når ikkje sola var framme heile tida. Borna nytta ledige stunder til å klatre i berg eller hoppe utføre. Aller først var det andakt ved søndagsskulekonsulent Elisabeth Fauskanger. Ho fortalde om Peters store fiskefangst på ein slik måte at alle følgde med frå start til slutt. Før born og vaksne gjekk heim , vart det delt ut søndagsskuleblad og kvar familie fekk ein cd med kvikke songar. Klubbleiar Karen Elisabet takka for samværet og minna om nye klubbkveldar til hausten.