Fitjarbu leiar Stord vgs si ungdomsbedrift og fekk møte Audun Lysbakken

Tysdag den 28.04.14. fekk «Ringvegen kafe» kjendisbesøk av stortingspolitikar Audun Lysbakken. «Ringvegen» kafe er Stord vidaregåande skule si einaste ungdomsbedrift og er leia av fitjarbuen Runar Skogedal.

- Elevane ved arbeidstrening driv kafedrift i opplæringssenteret til Stord vidaregåande, Heiane. Tysdag kom stortingspolitikar Audun Lysbakken innom for å eta lunsj. Runar Skogedal og resten av elevane i ungdomsbedrifta tok godt imot dei.

Runar Skogedal, dagleg leiar i ungdomsbedrifta, var ein flink talsmann og snakka om blant anna framtidsdraumar som: bustad, jobb og kjærast, skriv kontaktlærar Torhild Lekven til fitjarposten.no.