Pappa, der er ein sel, sa Elias

Han gjekk ein tur i stranda saman med pappa Åsmund Skålevik.

Selen låg på grunna i Skålavikjo  og var daud då han vart funnen. Elias fortel at han vart litt overraska, men ikkje akkurat redd. Han visste det var ein sel. Åsmund var rette mannen å treffe då me skulle ta bilete, for han arbeider ved Havforskingsinstituttet i Bergen, der det er ei eiga avdeling for sjøpattedyr. Selen er ein steinkobbe, vekt 40 – 50 kilo og ein meter lang, medrekna luffer. Åsmund tok kontakt med viltnemnda, som nettopp hadde vore der då me kom. Det vart sagt at selen vil bli dregen ut til ein holme og endar nok som fuglemat. Det blir helst gissing når ein pratar om kva som er skuld i at selen dauda. For nokre år sidan var det selpest langs kysten, seier Åsmund. Viss det skulle vere tilfelle, må ingen ta i han med tanke på eventuelle bakteriar.  Selen må ha reke inn i går eller i natt, då var det sterk nordavind. Han var litt oppblåsen då me fotograferte, og metangass innvendig kan føre til eksplosjon, forklarer Åsmund.