Morgonstemning søndag fjerde mai

Gradestokken viser at det atter har vore ei natt med litt kuldegrader.

Det kjennest litt kaldt der me går i rima mark . Augo fester seg med ein flekk av kvitveis som står og heng med hovudet; dei frys. Også løvetannen let seg bøye. Men over oss skin sola på ein nesten skyfri himmel og mot aust ligg Storavatnet  blikkstille. Fuglane kvitrar i grøne lier og i det fjerne høyrest lyden av små lam som «ropar» på mamma si. Elles er alt så stille, slik me ønskjer det skal vere ein søndag. Vakrare kan det neppe bli.