Ask før eik gir steik

Slik heiter det i eit gammalt ordtak. Det motsette blir: Eik før ask gir plask.

Me tok ein tur i nærområdet for å sjå om det var forskjell på bladveksten på desse to lauvtrea i dag. Det vert sagt at eik og ask er seinast ute med lauv om våren, og det er rett, men osp kan og reknast med. Me fann eit tydeleg eksempel ikkje langt frå huset. På den vesle asken er det tydelege lauv mens eika rett bak viser berre store knoppar. Då kan me kanskje rekne med steik, altså godver, komande sommar. Men nede i lia her står ei stor grønkande eik! Vintereik står med blada på om vinteren og er eit typisk kyst-tre, mens sommareik veks også i låglandet på Austlandet. Ei anna utsegn seier at ask er eit kongeleg tre, det siste treet som får blad om våren og det første som feller blad om hausten. I eit forskingsprosjekt på Landbrukshøgskulen på Ås er det funne ut at gjennomsnittsdato for lauvsprett på ask er 18. mai. Då er det ialle fall tidleg her denne våren.Om spådomen for sommarveret blir steik eller plask, er nok uklar.

Mange bryr seg ikkje om gamle ordtak og utsegner, men fritt fram for dei som har glede av å tenkje på desse når ein ser utviklinga i naturen ein vårdag.