Gleder seg til ny campingsesong

I vinter kom dei endeleg opp dei etterlengta skilta som ein har venta på i fleire år. No vert det lettare for turistane å finne vegen til campingplassen, seier Randi K Dalen som driv Fitjar sjø og Camping saman med mannen Kristoffer.

Randi fortel at oppstillingsplassen for faste campingsvogner er fullteikna, men sjølvsagt ledig for bubilar og eventuelle campingvogner på gjennomreise, som har sitt område nede ved sjøen. Der er det også kai for dei som kjem sjøvegen. Kanskje nokon har leigt ei leilighet for nokre dagar. Teltplassen er delt i fleire teigar. Alle turistane har tilgang til sanitæranlegg, vaskerom og liknande, og det er utleige av båt med påhengs eller kanoar. På kaiområdet står også ei grillhytte til disposisjon.
Me treffer Randi i ei travel arbeidsøkt der ho førebur konfirmasjonsselskap i eige festlokale. Våren er alltid ei travel tid, også med levering av middag, koldtbord, snittar eller anna til folk som skal ha eit gilde heime. Då me er på veg vidare, kjem ein bubil køyrande. Sesongen er i gong.