Ryddeaksjonar høyrer med til årstida

Rundt omkring vert folk oppfordra til å rydde ute når det er vår. Bli med på Rydd ei strand-dagen, og få deg eit godt måltid på Engesund Visningssenter etterpå.

Lisa Instefjord Gilje skriv i ein e-post at Visningssenteret og Sunnhordland Padleklubb har hovudansvaret for årets strandryddedag, som går av stabelen laurdag 10. mai. Alle interesserte melder seg på innan 8. mai til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller tlf. 95189950. På sjølve ryddedagen er det frammøte i Grønavikjo kl 11.00, der ein lagar grupper som får tildelt kvar sitt strandområde. Båtskyss vert ordna for dei som ønskjer det, eller ein kan nytte eigen båt. Private båtar må ha ein ansvarleg person som kan korrespondere med rydde-koordinatoren via mobiltelefon. Kvar deltakar har ansvar for høveleg påkledning og flyteplagg/vest. Alle, både gamle og unge, og dei midt i mellom, kan vere med.
Strandryddedagen er eit miljøprosjektet i regi av Hald Norge reint med fokus på å rydde søppel langs kysten og auke kunnskapen om marin forsøpling, som er eit alvorleg miljøproblem. Den nasjonale ryddeaksjonen er i gang på fjerde året.
Klokka 14.00 er det gratis mat hos Engesund Visningssenter for alle som er med og ryddar, og borna får ei lita ekstra belønning. Her ser du kva som står på menyen:
•Lakseburger
•Fiskepinnar av laks og aure
•Grøn salat
•Potetsalat
•Potetbåtar
•Og gode dressingar av ulike slag ++
•Is til dessert sponsa av Spar Fitjar.


Arrangementet er truleg ferdig klokka 15.00.


Du kan lese meir om prosjektet på denne adressa: http://ryddenstrand.no/