Born frydar seg i lag med dyr

Det fekk me eit tydeleg bevis for ein dag i denne veka.

Ei gruppe frå Bakken Soknerådsbarnehage var på gardsbesøk i Øvrebygda. På Rydland vart det eit fint treff med små og store lam som sprang og hoppa i inngjerdinga si. Seinare var borna og leiarane deira inviterte til grilling og leik på Helland, i barndomsheimen til ein av dei tilsette. Då baud det seg eit høve til å sjå på kalvar i grannelaget. Desse går ute i kvar sine små bingar. Det var lett og trygt for borna å klappa kalvane viss dei hadde lyst til det. I ein tom binge var det mange born som ville leike litt. Nokre av borna ville gjerne halde ein katt, men han var kanskje ikkje så lett å få tak i. Det var ein glad gjeng med fem- og seksåringar som var på utflukt denne dagen.