Laurdag 21. April 2018


Kosekatt på langtur

Kosekatten til Julia Nesbø har hatt ein strabasiøs vinter. Men takka vere ein merkelapp og ei frøken Detektiv, blei det ein lukkeleg slutt på forsvinningsmysteriet.

For å få det frå starten lyt me reisa tilbake i tid. Nærare bestemt andre september, kan far Kjetil Nesbø fortelja. Då var Julia og mor Nataliya på spasertur i sentrum. Julia hadde kosekatten sin med seg i dokkevogn. Korleis det vidare heilt gjekk til, veit ikkje Kjetil, men han lurer på om det kan ha vore sterk vind nett den dagen. Fakta er uansett at katten kom seg ut av vogna og forsvann sporlaust. Dei leita høgt og lågt, og hengde opp etterlysingslapp på Larsen. Ingenting hjalp. Katten var og blei borte. Og mange forsvinningshistoriar om kosedyr endar der.

Så plutseleg ein dag ringte det ei jente som spurte om det var nokon som heitte Julia på det nummeret. Jenta presenterte seg som Ida Haugen Skulstad og ho hadde funne kosekatten! Gleda var sjølvsagt stor, men undringa var større då dei fekk høyra kor bamsen var funnen. Ida hadde funne den i ei vik i Kverhella på Ytre Sula i Sogn, ei sjøreise på om lag 140 kilometer i luftlinje, som katten hadde lagt bak seg. Og ikkje nok med det. Tilfellet ville ha det til at telefonen frå finnaren kom laurdag 12. april, dagen då dei feira bursdagen til Julia, to dagar på etterskot!

Korleis passar frøken Detektiv inn? Jo, hell i uhellet var at kosekatten var merka med namnet til Julia og telefonnummeret til familien. Men det var ikkje så enkelt at det berre var å lesa av namn og nummer heller. Etter sju månader i sjøen var bakerste del av merkelappen sliten vekk, slik at slutten på etternamnet og telefonnummeret var borte. Likevel klarte Ida å finna fram til Julia. Nokre dagar etter katten i posten, ilag med eit følgjebrev, nyvaska og fullt brukande.

- Han er litt sliten i augo, kommenterer Kjetil, men etter sju månader i sjøen er det fullt forståeleg. No har familien sendt ei gåve tilbake, som takk for innsatsen Ida la i oppgåva med å hjelpa kosekatten tilbake til familien der han høyrer heime.

Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!

19.04.2018 Kjetil Rydland

  Gabriel Nedal Kvamen ser ut til å finna seg til rette på ryggen til mor, Solrun Irene Kvamen. Foto: Kjetil Rydland.   Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!  I dag møttest...

Les meir ...

Carfix med utleigebil til kundane

19.04.2018 Kjetil Rydland

Så fin er den nye Renault Zoe elbilen til Carfix. Foto: Kjetil Rydland.  Carfix med utleigebil til kundane Carfix på Fitjar kan skilta med ein splitter ny elbil som kundane kan låna...

Les meir ...

Fjord1 med ny nettside

19.04.2018 Kjetil Rydland

MF "Vågsøy" går i sambandet Sandvikvåg-Husavik. Foto: FP-arkiv/KR.  Fjord1 med ny nettside Ferjeselskapet Fjord1 lanserer ny nettside med eit heilt nytt visuelt inntrykk. 

Les meir ...
annonse

Slik blir årets utgåve av Fitjarfestival…

19.04.2018 Harald Johan Sandvik

Slik blir årets utgåve av Fitjarfestivalen Styreleiar Inger Elin Helland orienterte formannskapet i Fitjar om den niande utgåva av Fitjarfestivalen.

Les meir ...

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass

18.04.2018 Harald Johan Sandvik

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass Olaug Haugen er ny rådmann i Fitjar. Foto: Harald Johan Sandvik Påtroppande rådmann Olaug Haugen var med på sitt første politiske møte i Fitjar...

Les meir ...

Bli med til Kvinnherad på bygdekvinnestr…

18.04.2018 Kjetil Rydland

Bjørg Strømme og bygdekvinnene har mange jern i elden. Foto: FP-arkiv/KR.  Bli med til Kvinnherad på bygdekvinnestreif  Bli med på bygdekvinnestreif i Omvikdalen 28. april, oppmodar Bjørg Strømme i ei pressemelding.

Les meir ...
annonse

Første vigsla for ordføraren

20.04.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll med brurparet Malene Løklingholm Leivestad og Morten Bauge Torland. Foto: Kjetil Rydland.   Første vigsla for ordføraren Fredag fekk ordførar Wenche Tislevoll sin elddåp då ho vigde Morten Bauge Torland (31)...

Les meir ...
annonse