Finsleg påsketrafikk

Påsketrafikken over Sandvikvåg har vore jamn på eit høgt nivå på tampen av påska.

 Då FItjarposten undersøkte tilhøva rett før klokka 18 måndag, var tendensen synkande. Trafikken skal ha vore jamt høg påskedagane, utan dei store toppane. Mest bilar var det første påskedag, og i løpet av desse dagane skal berre ein bil stått att etter ombordkøyring.