Fitjarbuar med Noregs sunnaste pålegg?

Det er Torstein Grimen og Jostein Prestbø i Fitjar Bær AS som står bak ideen. Eit produkt i skiver med gelekonsistens, laga av bær, proppfullt av antioksidantar og utan sukker. No vil dei ha fleire med på laget.

Dei to innovatørane fortel til fitjarposten.no at innovasjonsprosessen har halde på sidan 2011, og dei at hadde som mål å utvikla eit supersunt, velsmakande bærprodukt som ikkje lagde syltetøyflekkar. Dei laga ein prototyp av produktet, fekk stor hjelp av Gro Gjerde i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, kom i kontakt med Innovasjon Norge som tente på produktet - og så byrja snøballen å rulle.

I det vidare arbeidet har så Fitjar Bær AS, i samarbeid med Gastronomisk Institutt, laga produktet ut i frå kriterium Fitjar Bær sette opp.

Her heiter det mellom anna at Fitjar Bær skal eige alle rettigheiter til oppskrifter etc. etter at produktutviklinga har funne stad, produktet skal innehalde minst 70 % bær, det skal vere om lag så tjukt som ei skive kvitost, skal klebe minimalt - og draumen er at opplevinga av å ete produktet skal vere så nær som mogeleg den ein får når ein puttar eit friskt bær i munnen.
Resultatet vart svært bra. Pålegget inneheld faktisk 78 % bær, og smaken er blitt så nær smaken av friske bær som ein kan tenkja seg.

Stønad frå Innovasjon Norge
Ved hjelp av stønad frå Innovasjon Norge har dei to fitjarbuane fått kreative designarar til å vidareutvikla presentasjonen av produktet, og forretningsidéen er spissa: Fitjar Bær AS skal levere det sunne pålegget til matboksen for skuleborn. Visjonen er å skape den mest innovative påleggskulturen i Noreg, og dei har tankar om å bli Noregs beste levarandør av sunt pålegg basert på frukt og bær.

Produktet skal nemleg vere tilgjengeleg over heile landet og dekke behovet for 1 av «5 om dagen».

Treng fleire med på laget

Produktet er klart, og det er heller ikkje økonomien som er den største utfordringa.

- Me har innsett at skal dette produktet lanserast over heile landet, er det trong for langt meir bær enn Fitjar Bær AS har tilgang på i dag. Så no ønskjer me fitjarbønder og andre som kan tenkja seg å produsere bær med på laget. Det treng ikkje vere bringebær. Me kan lage skiver, eller flak som me seier, av alle bærsortar, seier Jostein Prestbø og Torstein Grimen.

Nyleg presenterte dei produktet på ei samling på Fitjar Sjø og Camping i regi Hordaland Bær og Hagebrukslag som gjerne ser at det vert nye bærprodusentar i Hordaland.

Fin Fitjarreklame
No vonar Grimen og Prestbø at interesserte vil ta kontakt og blir med på noko som kan bli svært spennande, både for dei som vert med og for bygda.

For det er ingen tvil hos nokon av dei som kjenner til  dette prosjektet om at Fitjar vil bli sett på kartet om dette produktet kjem i produksjon.