Borna sin påskefest i kyrkja

Sokneprest Olav Oma ønskte velkommen til kyrkje og fortalde om Fitjar barnegospel som hadde vori i Knarvik dagen før og sunge i lag med 600 andre born.

Dei song av full hals i dag og: Det er helt fantastisk, det er bare helt utrolig Jesus lever. Alle born vart inviterte til å sitje på golvet heilt framme i kyrkja, då teksten for dagen frå Lukas 19 skulle dramatiserast. Brått kom liksom Jesus gåande på veg til Jeriko. Han bad ungane følgje etter mens han fortalde blant anna om den blinde mannen som vart frisk att. Etter ein runde i kyrkja møtte Jesus Nikodemus som sat oppe i eit tre, han ønskte å sjå Jesus. Det enda med at Jesus gjekk med han heim og det vart sagt: I dag er frelse komen til dette huset. Etterpå snakka Olav om at Jesus er usynleg, men me kan fornemme hans nærvær på fleire måtar.  Alle seksåringar fekk ekstra oppmerksomhet i dag. Saman med kyrkjelydspedagog Birgitte Drønen Brenne samla dei seg i sakristiet og fekk høyre meir om ein hemmeleg klubb. Ho las frå boka Tre i eit tre og alle fekk kvar sitt eksemplar. Etter gudstenesta skulle det serverast middag for seksåringane og familiane deira. Heile gudstenesta var tilrettelagt for borna i dag og flokken var stor.