Sundag 15. Juli 2018


Flott konsert og utdeling av kulturprisen 2013

Fitjar Musikklag sin vårkonsert var eit fint høve  til prisutdeling til «multimusikaren» Jakob Vik.

Prisen, ein statuett laga av Leif Hedmann og eit diplom, vart overrekt av ordførar Wenche Tislevoll. I talen nemnde ho mange av Jakob sine merittar heilt frå unge dagar, då han kjøpte sitt første instrument, ein mandolin. Det instrumentet har han spela i Fitjar Musikkforening i 47 år. Elles har han spela eufonium, kontrabass, tenorsax og fele. Jakob var med og starta Musikklaget for 65 år sidan, og tre år tidlegare Fitjar Songlag. I Fitjar Skulekorps var han første formann. I unge dagar skreiv Jakob blant anna revytekstar og var med på framføringane også. Dei seinare åra har han vore musikar i tilstellingar for pensjonistar. Jakob sin innsats som frivillig medhjelpar i kyrkja i nærare 40 år bør og takast med. Jakob uttrykte stor glede for prisen og takka hjarteleg.
Fitjar Musikklag presenterte eit variert program med tittel Norsk på norsk, det vil seie at alle tekstar vart sunge på norsk og forfattarane var norske. Kveldens leiar, Terje Træet, fortalde litt om låtar og låtskrivarar før kvar framføring, og me nemner nokre av dei: Marius Müller, Vamp, DumDum Boys, Di Derre, Trond Viggo Torgersen. Marthe Nordfonn, Årstein Tislevoll og Ole André Westerheim var hyrt inn som songarar og ekstra musikkforsterking ved Per Egil Larsen gitar og Øyvind Fitjar bassgitar. I lag med musikklaget måtte det bli ein vellukka konsert, og sistnemnde hadde øvd både lenge og hardt, sa Terje Træet innleiingsvis, noko som viste att då dei akkompagnerte dei fleste songane. Musikarane fekk ei lita pause då Ole André med eige gitarakkompagnement song Per Sivle sin mest kjende tekst Den fyrste song eg høyra fekk. Han framførte og ein sjølvskriven låt. Då Ole André og Marthe song Heksedans av Jan Eggum, fekk dei hjelp av fire dansande hekser: Olga Vestbøstad, Thea Træet, Mari Hatlevik og Rebekka Tverborgvik. Konserten vart avslutta med Levva livet ved Åge Aleksandersen og utdeling av blomar til aktørane utanom musikklaget. Dirigent Torbjørn Røssland fekk og sin fortente bukett.

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...

Torstein med «Team Yaristan» til Mongoli…

13.07.2018 Kjetil Rydland

Torstein Søreide Skogedal og kameratane Ludvig Nielsen og Sven Hove ved avreisa frå Oslo i dag. Foto: Privat. Torstein med «Team Yaristan» til Mongolia! Saman med to kompisar sette Torstein Søreide Skogedal...

Les meir ...

Skittsak for Kulturhuset!

13.07.2018 Kjetil Rydland

Midt i foajeen til Fitjar kultur- og idrettsbygg hadde kyrne gjort ifrå seg i dag. Foto: Kjetil Rydland.  Skittsak for Kulturhuset! Fredag føremiddag kom kyr seg inn i Fitjar kultur- og idrettsbygg og...

Les meir ...
annonse
annonse

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No…

12.07.2018 Jonas Sætre

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No ser eg veldig lyst på framtida og på livet For snart to år sidan fekk Karina Haaland frå Fitjar beskjeden om at ho fekk...

Les meir ...

Hurtigbåt til Tysnesfest

11.07.2018 Kjetil Rydland

Til helga kan du reisa på Tysnesfest, fram og tilbake, med snøggbåt. Foto: Tysnesfest Hurtigbåt til Tysnesfest Førstkomande laurdag går det snøggbåt frå Leirvik, Rubbestadneset og Fitjar til Våge i høve Tysnesfest.

Les meir ...

Fitjar billigast i Hordaland!

11.07.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll kan smila når ho ser desse tala frå Huseiernes Landsforbund. Foto: FP-arkiv/HCH. Fitjar billigast i Hordaland! Fitjar kommune er aller billigast i Hordaland på eigedomsskatt og kommunale avgifter til...

Les meir ...
annonse

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av dei verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange...

Les meir ...
annonse