Også dugnad i Fitjar kyrkje

Birgitte Drønen Brenne gjekk i bresjen for ei viktig arbeidsøkt i dag.

På førehand var det annonsert at ein trong hjelp til diverse vasking, støvtørking, rydding og litt arbeid ute. Då fitjarposten.no sin utsende stakk innom kyrkja i føremiddag, var mange menn og kvinner i aktivitet. Den gode vaskelukta møtte ein i våpenhuset der Torunn Aarskog sveiva med kluten mens nokre karar monterte eitt eller anna på veggen. I kyrkjerommet møtte me fleire damer som vaska benker og vindauge. Vatnet i bøttene viste at arbeidet var nødvendig. Dei me snakka med kunne knapt hugse eit liknande tiltak. Den eldste i dugnadsgjengen, Ingeborg Brekke, har passert 80 år. Ho pussa sølv og let vel over å få vere til nytte. John Abotnes brukte både våt og tørr klut då han gjorde reint på altaret og delar av altartavla. I sakristiet sat Herman Inge Aadland og rydda i ein skrivebordskuff med like mange raritetar som roteskuffen heime. Det var snakk om støvsuging av alle teppe på golvet, men ville det bli tid til det? Dugnadsfolket skulle også ha pause og kose seg med laurdagsgraut og raud saft, slik det stod i annonsa. Me såg nok ikkje alle menn og kvinner som var i sving i dag, men utandørs stod to karar og raka kvistar og lauv på plenen.
Kyrkjetenar Birgitte som også har ei deltidsstilling som kyrkjepedagog , gav uttrykk for stor takksemd for det gode frammøtet og alt frivillig arbeid som vart gjort i kyrkja i dag.