Ein stor dugnadsgjeng på Osternes festning


Då me gjekk gjennom grinda inn til festningsområdet, høyrdest lyden av motorsager og bålrøyken stod til vers.


Elevar frå niande klasse og mange foreldre var i full gang med skogrydding. I samtale med Alf Gjøsæter fekk me vite at minst førti personar var i arbeid i dag. Han fortalde  at mykje skog skal fellast for å gi utsyn frå ei kanonstilling mot Selbjørnsfjorden og Langenuen. - Her er arbeid nok i minst to år framover, sjølv om dette slett ikkje er første dugnaden.
Foreininga Osternes festning, der Odd Jarl Larsen er leiar,  tek store tak for å rydde området. Arbeidet vert utført etter samråd med grunneigar Rune Stokken. Fitjar kommune ved kulturkontoret sponsar  elevane som skal til Polen neste skuleår når dei gjer ein dags dugnadsarbeid. Me forstod det slik at dei to klassene får titusen kroner for jobben. Mange vaksne brukte motorsag medan elevane bar greiner og la på  båla som brann fleire stader. To av jentene, Solveig Eriksen og Victoria Bergesen, syntest det var veldig tungt arbeid , men greitt nok, og ikkje vanskeleg å halde varmen. Me får tru at dei fleste hadde regnkle på seg, for i dag var det slutt på godveret. Arbeidsfolka kunne gle seg til måltid utandørs seinare på dagen. Varm betasuppe måtte vere midt i blinken.