Slik var det i fjor på denne tida

Ein liten titt i biletmappene frå 4. til 6. april i 2013 viser at det var både is og snø.

Isen låg framleis på Storavatnet, ja også på sjøen i Hellandsfjorden. Gradestokken viste to til tre minusgrader kvar morgon. Fredag var det solskin, men laurdag la det seg eit tynt snølag på marka. Søndag føremiddag snøa det tett. Det vart faktisk litt problem for syklande og køyrande, men sanneleg gjekk det fort over. Seinare på dagen kom sola fram og snøen tina.

Elles legg me til at isen på Storavatnet var trygg i heile januar og februar.  Då me såg ein mann fiske på isen 16. mars, skapte det forundring og uro. Men alt gjekk vel. Første dagen i april i fjor vart det observert fire hjortar på isen i ei bukt ved Storavatnet. Desse hadde nok berre halde seg nær land.